Dokumentasjonsoppdrag er nokre av mine favorittar. Det å tusle rundt, sjå etter motiv, finne ut kvar det skjer noko interessant, forsøke å formidle historia på ein heilskapleg måte. Oppdraga kan vere veldig spesifikke, men kan òg vere av ein slik karakter at ein sjølv blir sittande med fasiten på korleis materialet skal syast saman. På slike oppdrag brukar eg i veldig stor grad kun eit par objektiv, og mesteparten vert fanga med ein 35mm f/1.4. Dette objektivet kjenner eg som mi eiga bukselumme; eg treng ikkje tenke, berre føle og trykke.







Fjording, 2010 (for Norsk fjordhestgard)