Festivalfoto

Konsertfoto og festivalfoto kan ofte innhalde mange av dei samme elementa. Men for meg handlar festivalfoto meir om å formidle festivalen frå tredjepersons vinkel, eller gjerne “slik artistane ser det”. Festivalfoto handlar om folket, samhaldet mellom publikum, dei små artige historiene, episodar som brått oppstår, folkelivet, gleda og sjølve essensen av festivalen. Alle festivalar har sin eigen personlegdom, sin eigen indre look og sjel. Festival for klassisk musikk, countryfestival, rockefestival, folkemusikkfestival…alle har sine særtrekk og innhald. Kvar festival er såleis unik, og må handterast på sin særeigne måte. Eg likar godt å jobbe med festivalar over tid, slik at eg år for år kjem endå meir under huda på festivalen og kan formidle kva dette faktisk handlar om.

Norsk countrytreff 2009
Eg elskar bruk av speglar i bilete! (Norsk countrytreff 2009)
Norsk countrytreff 2008
Rundt eit campingbord, med ein gitar. Festival på sitt enklaste! (Norsk countrytreff 2008)
Norsk countrytreff 2011
Lang lukkartid, vente på musikken, telle inni seg, fange augeblikket.(Norsk countrytreff 2011)
Norsk countrytreff 2008
Ein solbrillesjølvi. (Norsk countrytreff 2008)
Eva Weel Skram (for Glopperock-festivalen)
Eva & The Heartmaker, 2007 (for Glopperock-festivalen)