Konsertfoto

Eg har hatt oppdrag som konsertfotograf heilt sidan starten. Det er noko med scena, lyset og utøvaren som triggar meg. Folk seier ofte at konsertfoto er så vanskeleg, “fordi det er så lite lys der”. Tru meg, det er meir enn nok lys. Men lyset er konsentrert på eit mykje mindre areal, noko som gjer at du må kalkulere eksponeringar på ein annan måte. Litt rytmisk sans og kjennskap til musikk er òg ein viktig eigenskap. Ofte kan det handle om å fange rørslene når dei er på sitt minste, men òg å utnytte rørslene for å få fram visuelle verkemiddel. Men det viktigaste er å bruke føtene, ha auget med deg, og tenke forgrunn/bakgrunn og komposisjon. Ja…og så å vente på augeblikket kjem.

Frå framsyninga "Tre kvinner og ein mann", desember 2014.
Frå framsyninga “Tre kvinner og ein mann”, desember 2014
Kyrkjekonsert (for Norsk countrytreff)
Kyrkjekonsert (for Norsk countrytreff)
Bobby Bare (for Norsk countrytreff)
Bobby Bare (for Norsk countrytreff)
Malakoff rockefestival (for NRK Sogn og Fjordane)
Malakoff rockefestival (for NRK Sogn og Fjordane)