Eg har jobba som frilansfotograf for ulike media sidan 2007. Arbeidet har veksla mellom oppdrag på eige initiativ, og til utrykkingar ved spesielle hendingar. Typiske oppdrag har vore trafikkulykker, naturhendingar, illustrasjonsbilete og biletseriar frå kulturhendingar. Eg har i stor grad jobba både med stillbilete og video samstundes, for å kunne gi oppdragsgivar stor fleksibilitet i etterkant.
Arbeidet kan ofte vere utfordrande, der ein risikerer å kome opp i situasjonar som er uavklara. Eit godt samarbeid og kommunikasjon med naudetatar er difor ei sjølvfølge.
Videoreportasjar og biletseriar er spesielt spennande oppdrag, der du har ei historie som skal fortellast ved hjelp av ulike grep, avgjersler og vurderingar undervegs. Det å sy saman mange enkeltbilete og sekvensar til ein større samanheng, er givandes arbeid!

Dette biletet var ein av dei mest bruke bileta i media denne dagen. Og kameraet? iPhone 6+.



