Bryllaup og portrett


Bryllaupsfotografering er ekstremsport innan fotografering. Du har sjeldan fleire sjansar, alt må stemme og alt må virke. Ein bør ha backupløysing, slik at ein uansett teknisk svikt har ein plan om korleis ein kan kome seg igjennom oppdraget på ein bra måte. Bryllaupsfotografering handlar for det meste om tillit. Brudeparet legg ansvaret i dine hender, og det er din jobb å sørge for at dei slepp å bekymre seg om fotograferinga på sin store dag. Får du brudeparet til å føle seg trygge på deg og jobben du gjer, så får du det attende i bileta. Samstundes bør ein sette av god nok tid (noko som ofte kan vere utfordring). Ting tar tid, transport tur/retur, rigging, instruksjonar, fotografering…og den gode samtalen undervegs.

Eg tilbyr fotografering under heile dagen, etter ditt konkrete behov. Ynskjer du fotograf under frisørbesøk, vigsle, middagen eller festen? Eller kanskje du ynskjer å få fotografert det som skjer i løpet av heile dagen, frå morgon til kveld? Studiobileta tek eg oftast på staden, enten ute i naturen, i eit ynskja lokale, eller ein annan dugandes plass i nærleiken. På denne måten sparar ein mykje tid!

I tillegg kan eg tilby filming (dokumentarisk) under bryllaupet. Dette er oftast lurt å kombinere med ein fast fotograf som tek stillbileta, då det er svært krevande og lite effektivt å både filme og fotografere. Eg sørger for god lys og lys, slik at ein får best mogleg kvalitet på filmen. Sluttresultatet vert klippa saman til ein ferdig film, etter dykkar ynskje.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat!

Bryllaup
Bryllaup
Bryllaup
Bryllaup

Eg likar portrett, men eit portrett må òg fortelle noko. Gode portrett klarer å fortelle noko om personen som er portrettert. Det finst personar og folkegrupper som er skeptiske på fotografering, fordi dei trur at ein del av sjela forsvinn når biletet vert teke. Det er eigentleg ein fantastisk reflektert tankegang, for eg tenker ofte på at min jobb som portrettfotograf ikkje er å fange personen si sjel direkte, men heller personlegdom og uttrykket til den eg fotograferar. Gode portrett KAN handle om teknikk, men kanskje i større grad kommunikasjon mellom fotograf og den som vert avbileta.

Lynn Anderson (for Norsk countrytreff)
Lynn Anderson (for Norsk countrytreff)
Ida Maria på Glopperock
Ida Maria på Glopperock