Kurs

Kva kjenneteiknar eit godt bilete? Korleis går ein fram for å finne ein god komposisjon?

Ikkje alle likar å lese faglitteratur, google til krampa tar deg, eller å fikle i timesvis utan å kome nokon vei. Kanskje du har manualfobi (vanleg diagnose!), eller kanskje du rett og slett har lyst å lære ved å sjå og høyre på nokon som har gått vegen før deg? Nokon som veit meir om kva som er lurt å lære seg, og kva som faktisk ikkje er så viktig?

Eg har utvikla ulike kurs basert på denne tankegangen:
Basert på kva eg veit i dag; kva skulle eg ynskje at nokon lærte meg då eg først starta opp?

Sjå på kursoversikta mi, så finn du kanskje noko som interesserer deg.
Ta gjerne kontakt dersom du er interessert i andre tema, eller ynskjer eit 1:1 kurs der du og eg konsenterer oss om det DU lurer på!

Privatpersonar
Eg arrangerer kurs både for privatpersonar i grupper og ein til ein.

Bedrifter
Ynskjer di bedrift intern opplæring, eller kanskje eit lite timeskurs som ein ekstra inspirasjon på ein workshop, fagdag, seminar eller sosiale samankomstar? Ta kontakt!

Er eg for langt unna? Ta kontakt, så kanskje eg kan arrangere kurs nærare der du bur!