Fotokurs 1:1

Ung krøkast som god fotograf skal bli!

Fotokurs 1:1 er eit fotokurs med personleg kursing med enkeltpersonar ein til ein. På denne måten har du høve til skreddarsydd opplæring innan akkurat det du er interessert i, eller treng meir kunnskap om. Det kan vere teknisk opplæring, biletkomposisjon, studiofotografering, praktiske tips og teknikkar, løysing av konkrete utfordringar eller for å få ny inspirasjon for vidare utvikling.

Kurset høver òg veldig bra for nybegynnarar innan fotografering. Vi forklarer det mest grunnleggande på ein lettfatteleg og effektiv måte, der du ganske kjapt vert komfortabel med kva faktorar som utgjer ei eksponering, og korleis desse enkeltfaktorane påverkar resultatet.
Vi går mellom anna gjennom komponeringsteknikkar, korleis auget les eit bilete, korleis ulik optikk påverkar resultatet, tolking av kameradata, samt praktiske tips mtp. backup, behandling og lagring.
Med andre ord: dette er to timar effektiv undervisning som sparar deg for mykje unødig prøving/feiling og googling!

Vi set i utgangspunktet av 2 timar, og du tek gjerne med eige kamera slik at prinsippa vert forklart på utstyret du kjem til å benytte.

Varighet: 2 timar
Stad: Etter behov

Pris: 900,-

Bestill kurs her!