Luftfoto

Alle som fotograferer kommersielt med ubemanna luftfartøy, RPAS (“Remotely Piloted Aircraft Systems”) i Noreg må vere godkjent operatør av Luftfartilsynet. Godkjent løyve forutset òg strenge tryggleiksrutinar, operasjonsmanual, ansvarsforsikring og krav om loggføring.
Vanlegvis er folk flest meir kjent med begrepet drone, men RPAS er korrekt navn i høve lovverket.

Underteikna er godkjent operatør av RPAS frå Luftfartstilsynet.
Vi har i tillegg lang erfaring med praktisk operasjon av RPAS, samt bakgrunn som modellflygar av både fly og singelrotor-helikopter. Dette er god erfaring som sørger for at handteringa av RPAS-en foregår på ein trygg måte, og gir deg akkurat dei bileta/vinklane du er ute etter!

Eksempel på bruk av RPAS/drone i filmsamanheng. 

Det er mange privatpersonar som eig RPAS/dronar med kamera, og som er i stand til å ta bilete og video. Merk at RPAS-operasjonar på kommersielle oppdrag utan løyve frå Luftfartstilsynet er strengt forbode, og kan medføre straffeansvar og strenge reaksjonar. Private har heller ikkje ansvarsforsikring som dekker skadar på tredjeperson. Bruk KUN godkjente operatørar!

Eg kan ta på meg luftoppdrag med både fotografering og videofilming, enten det skulle dreie seg om fotografering frå heliopter og fly (fullsize), eller frå multikopter/RPAS.

Dronefoto for Sogn og Fjordane bondelag
Dronefoto for Sogn og Fjordane bondelag, som krevde høg tryggleik.

Tryggleik
Det er svært viktig med god tryggleik når RPAS vert nytta i kommersielle fotooppdrag. Sjølv eit lite fjernstyrt luftfartøy med samla vekt på knappe 1500 gram kan gjere stort skade om det kjem ut av kontroll. Både propellar og farkosten i seg sjølv kan skade folk ved samanstøyt. Alle godkjende RPAS-operatørar har ansvarsforsikring som omfattar skade på tredjeperson- og tredjeperson sine eigedelar. I tillegg er det strenge krav om å operere fartøyet kun i synleg avstand til operatøren (“Line-of-sight”) og kun 400 fot (omlag 125 m) høgde over bakken. Erfaringsmessig vil dei fleste luftfoto bli fotografert frå høgder mellom 15 og 60 meter. Fartøyet er i tillegg utstyrt med ei rekke tryggleiksmekanismar som slår inn dersom ein opplever tap av signal, kontakt eller mangel på batterikapasitet.

Vurdering av oppdrag
Ved tinging av oppdrag vert det alltid foretatt ei tryggleiksvurdering av oppdraget, og det vil aldri bli gjennomført flyging dersom det er ukontrollerbare eksterne faktorar inne i biletet. Det vert mellom anna ikkje under nokon omstende foretatt flyging over store folkemengder.
Om naudsynt vil området bli nøye overvåka, og ev. sperra av midlertidig under flyging for å bevare tryggleiken til tredjeperson. Flyging vert òg koordinert med næraste luftromsoperatør (flyplass) ved behov.

Eksempel på luftfoto av fritidseigedom.
Eksempel på luftfoto av fritidseigedom.

Kva kan ein RPAS/drone nyttast til?
– fotografering av bustad og eigedomar, som stillbilete eller 360 graders video
– inspeksjon av bygg og infrastruktur, der ein normal måtte ha satt opp lift eller stillas for å kome til
– SAR-operasjonar (“Search-and-rescue”), der ein RPAS kan nyttast til å få oversikt over utilgjengeleg terreng og lokalitetar.
– kreativt bruk til reklamevideoar, og profilering av bedrifter
– oppdrag for media

Utstyr
Eg nyttar ein RPAS frå DJI. Modellen heiter Phantom 3 Advanced, og har innebygd kamera med gyrostabilisering. Sjølve multikopteret veg rundt 1300 gram, og har innebygd GPS-mottakar for stabilisering i lufta. Kameraet kan levere råfiler i 12 megapixel storleik, og video i opptil 2.7K. Ein kan sjå videobiletet direkte på smarttelefon undervegs i oppdraget, noko som gjev oppdragsgivar høve til å kunne kvalitetssikre bildematerialet undervegs, og kome med tilbakemeldingar direkte til operatør under flyginga.

 Ta kontakt for meir informasjon.