Lyd

Lyd er ein veldig viktig del av ein video/filmproduksjon. Ja, faktisk så viktig at vi som regel tolererer dårleg bilete betre enn dårleg lyd! Difor har eg lagt stor vekt på lyd i mine produksjonar. Eg stiller med eige lydsystem for opptak, slik at ein er sikra best mogleg lyd i alle situasjonar.
Treng du hjelp til dedikert lydopptak i eigne produksjonar, så har eg utstyr til dette. Ta kontakt om du treng ein lydmiksar eller boom-operatør på dine produksjonar.