Rådgjeving

Vi kan tilby rettleiing på korleis bedrifter kan lage ein fotografisk profil, med bilete og video som passar inn i bedrifta sin overordna profil. Bruk av sosiale media er viktig, og korrekt bruk kan vere ei god investering for å bygge og vedlikehalde kunderelasjonar.

I dagens sosiale medielandskap, der nyhendefeed-ane strøymer over av solnedgangar, storslagen natur og frådande fossefall, kan det virke vanskeleg å slå gjennom med eit klart bodskap som treff mottakaren. Ein stor del av bileta som vert delt på nettside og sosiale media er nokså intetsigande, og fortell veldig lite. Som oftast er det ein viktig del som manglar; historie.

Saman med kunden kan vi legge ein plan over kva kunden ynskjer å få formidla, og korleis ein kan bygge opp ei historie som både er i stand til å vekke merksemda til mottakaren, og å gi god effekt i forhold til bedrifta sine ynskjer. Denne historia kan nyttast i ulike former og på ulike plattformar, og kan skreddarsyast til spesifikke format.

Vi har kompetanse til å utarbeide materiale som innheld både bilete, video, lyd, musikk, dialog og grafikk. Denne kompetansen ynskjer vi å kombinere med historie, strategi og effektiv bruk av ulike typar marknadsføringskanalar. Hovudmålet vårt er å hjelpe kundane våre til å lukkast i si marknadsføring og generere ein meirverdi.