Streaming

Eg kan tilby streaming (kombinert med opptak) frå ulike typar arrangement. Dette kan td. vere konsertar, diskusjonar, foredrag, events og konferansar. Eg sørger òg for god lyd, med eigne mikrofonar og lydmiks. Der det er tenleg, samarbeider eg gjerne med lokale lydpersonell. Normalt brukar eg 2-3 kamera, og gjerne ei eiga kjelde for avspeling av bilete, video eller liknande. Eg legg òg på grafikk (“super”) om dette er ynskjeleg. Alle streamar vert i tillegg tatt opp, slik at dei kan nyttast i andre samanhengar i etterkant. Eg streamar hovudsakleg til Facebook og Youtube, men kan òg streame til andre tenester som nyttar RTMP.

Eksempel på streaming frå gudsteneste.
Streaming er òg mogleg utandørs, så lenge ein har tilgang på straum og nettverk. 4G-nettet fungerer faktisk ganske ok til streaming der ein ikkje har tilgang til kabla nettverk.