Filming

Vi tilby tenester innan filming for både private og offentlege verksemder, i tillegg til privatpersonar. Med høg kompetanse på bruk av video i bedrifter, både som intern dokumentasjon og marknadsføring utad, kan vi tilby rettleiing på korleis bedrifter bruke bilete og video som passar inn i bedrifta sin overordna profil.

Dokumentasjonsfilming er òg eit viktig området. Det kan vere snakk om intern dokumentasjon av prosessar, arrangement eller hendingar, eller dokumentasjonsfilming/historiefortelling av viktig informasjon, hendingar eller vitnesbyrd frå personar. Her har vi høg kompetanse på bruk av lyd som historiefortellande element, og korleis ein kan få maksimal lydkvalitet under opptak.

Treng du ein reklamevideo som profilerer bedrifta di utad, eller har du kanskje eit nytt produkt eller teneste som du ynskjer å få vist fram? Ta kontakt!

Her er nokre videoar som eg har produsert.

Promoteringsvideo for Norsk Countrytreff. Totalproduksjon, inkludert filming, foto, lyd, klipp og regi.


Eigenproduksjon, kortdokumentar om Vegard Hjarholm, som lagar sigarboksgitarar,


Dronefilming av hogstteknikk i bratt terreng.


(På oppdrag for Norsk Countrytreff)


Norsk Countrytreff 2015
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)

Utdrag av instruksjonsvideo for Norsk Klauvskjærarlag.


Breimstafetten 2015
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


Norsk countrytalent 2015, ein talentkonkurranse i regi av Norsk countrytreff.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


“Åpen bakke 2015”, her i regi av Breimsbygda skisenter. Ein dag der skiheiser landet over gjev bort gratis heiskort.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


Matamål 2014, ein matfestival for lokalprodusert mat på Sandane i Gloppen kommune. Festivalen omfattar både torgdag, vin- og ølsmakingskveldar og open gard-arrangement for barn og unge.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


Flaumen i oktober 2014 skapte store herjingar på vestlandet. På Reed i Gloppen skapte høgvasstand i Breimsvatnet for store øydeleggingar på Reed Camping.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


Video frå Opera Nordfjord si framsyning “Søner av sola” i 2014.
(På oppdrag for NRK Vestlandsrevyen).


Norsk countrytreff er ein musikkfestival der motiv og situasjonar nærast står i kø.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


Breimstafetten er ein av Noregs eldste stafettar, og vert årleg arrangert første helga i mai. Mange løparar, unge som gamle, stiller opp frå heile fylket, og arrangementet vert ofte kalla “vårens vakraste eventyr”.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane)


Dødsulykke 26.desember 2013, der tre omkom i ein kraftig front-mot-front kollisjon i Våtedalen (Jølster kommune).
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane/Dagsrevyen)


Blågras-konserten på Norsk countrytreff prøvar å finne koplinga mellom norsk folkemusikk og amerikansk country, og inviterer artistar frå ulike land med formålet å synleggjere dei mange fellestrekka.
(På oppdrag for Norsk countrytreff).


Norsk countrytreff er ein årleg musikkfestival for countrymusikk, og finn stad andre helga i juli månad. Stor dugandsinnsats i eit lite lokalsamfunn skapar ein festival som hentar inn både nasjonale og internasjonale artistar av høg klasse.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane).


Tre ungdomar brukar dei siste dagane av russetida til å sprøyte eit enormt norsk flagg i den snøkledde fjellsida over Rygg, Gloppen kommune, i høve 17.mai 2013.
(På oppdrag for NRK Sogn og Fjordane).

Legg igjen en kommentar