Om oss

Underteikna har jobba som frilansfotograf  i Breim (Gloppen kommune) ved sidan av fast jobb sidan 2007, og leverer video- og stillbilete til både privatpersonar, lag, organisasjonar og media. Typiske oppdrag er filming av live-events (konsertar, framsyningar etc), festival- og konsertfoto, dokumentasjonsfoto for ulike typar arrangement, portrett- og bryllaupsbilete, samt nyhendebilete og videoreportasjar for media.

Dei siste åra har eg konsentrert meg meir om videoproduksjon og streaming. Eg har mellom anna levert nyhetsoppdrag  for NRK Sogn og Fjordane, Firda, Sunnmørsposten, Bergens Tidende, Dagbladet, Bergensavisen, TV2, NTB Scanpix og Aftenposten.  På oppdragslista mi ellers står td. Norsk countrytreff, Malakoff rockefestival, Glopperock rockefestival, Tine, Matamål, Breimstafetten og Fantefilm.

Eg har òg bidratt i produksjon av spelefilm og reklamefilm, både som statist og assistent.

Mykje av fokuset framover vert retta mot bedriftsmarknaden, men vi kjem framleis til å tilby tenester for privatpersonar.

Canon XF100 montert på Steadicam.

Legg igjen en kommentar