Referansar

“Fotograf Runar Sandnes har vore fast fotograf hos Norsk Countrytreff i ei årrekke. Han har hatt ansvar for, og utført fotografering under festivalen og dei ulike konsertane. Han har levert fleksible løysingar under dei krevjande forhold som ofte oppstår under ein festival som vår. Vi er svært godt nøgde med arbeidet han har utført, og ser fram til vidare samarbeid.”
Arve Kleppe -Norsk Countrytreff

“Runar Sandnes har vore ansvarleg for bilde og film for Matamål – Matfestivalen i Sogn og Fjordane i 3 år.  Vi har vore særs nøgde med servicen og kvaliteten på produkta vi har fått. Vi gir våre gode anbefalingar til nye kundar”.
– Sigmund Vereide – Matamål

“På Sølvane Gard handler alt om å formidle en unik historie.  Gjennom bilder og film forteller vi om livet på garden og i bygda mens vi samtidig foreviger unike øyeblikk. Runar Sandnes er vårt førstevalg for foto og video, og vi gleder oss til spennende prosjekt sammen med ham fremover.”
– Torstein Kollevåg – Sølvane Gard

“Runar er flink til å filme! Vi har brukt han på forestillinga Putti Plutti Pott. Denne filmen er viktig for oss, sidan vi brukar den i etterkant for å sjå kva vi kan gjere annleis neste gong. 7.klasse får den i tillegg som gåve og eit minne frå tida på skulen vår. Runar er flink til å få fram det viktigaste som skjer til ei kvar tid på og rundt scena, vi anbefalar han gjerne til andre! “
– Elisabeth Sunde Andenæs – Nordstranda skule

“NRK Sogn og Fjordane har brukt Runar Sandnes på mange fotooppdrag i fleire år. Han er lett å be, stiller raskt opp og er alltid til å stole på. Runar er lett å samarbeide med. Oppdraga har vore av ulik karakter, og Runar har alltid levert framifrå kvalitet anten det har vore stillsbilete eller video. Han er ein fagmann vi kan gi dei beste skussmål.”
– Roy Raasholm Fauske – NRK Sogn og Fjordane

“Breimskoret har ved fleire anledninger brukt Runar både til foto og filming av våre kabareter i Trivselshagen. Vi har vore veldig godt fornøgd med Runar sitt arbeid, og kjem til å fortsette å bruke han.”
– Lisbeth Stensaker – Breimskoret

Legg igjen en kommentar